Ål Bygdamuseum

Besøksinformasjon - Ål Bygdamuseum

Åpningstider / Opening hours

Utendørsmuseet kan besøkes hele året! Ta kontakt for skolebesøk eller omvisninger for grupper.

The outdoor museum is open all year! Get in touch to book group tours. 

Open with a guide only during summer. 

Besøksadresse

Øvre-ålsvegen 43, 3570 Ål  
Kart til ÅL BYGDAMUSEUM
Telefon: 32 08 81 40
 

Du kan sjå fotografi av alle bygningane på Ål Bygdamuseum her på Digitalt Museum

Billettpriser / Ticket prices

Voksen / Adult: 70 kr
Barn, student, honnør / Children, students, and seniors: 50 kr
Barn 0-3 år går gratis / Children ages 0-3 get free entry

Ved spesielle arrangementer gjelder andre priser. Omvisninger kan bestilles etter avtale / During special events ticket prices may vary. Guided tours are possible to arrange.

Omvisning grupper / Guided tour groups:

Grupper på 2-10 personer / groups of 2-10 people: 800 kr per gruppe / per group
Grupper mer enn 10 personer / groups of more than 10 people: 80 kr per person
Barn 0-3 år går gratis / Children ages 0-3 get free entry

Ta kontakt for å bestille egen omvisning / Contact us to book guided tours

Om Ål Bygdamuseum

Museet vart grunnlagd i 1924 for å redde dei gamle husa på garden Leksvol frå forfall og riving: 2 stugu, loft, stolphus, sauestall, grisehus, fjøs, låve, hestestall og eldhus. Den eine stugu vart brukt som tingstugu frå 1671 til 1730. Tre hus vart seinare flytta til tunet: badstugu frå Rudningsdokken i Torpo, kvernhus frå Torsteinsrud i Leveld, og smiu frå Stave i Nedre-Ål.

Museet har etter kvart skaffa seg fleire hus, som er sett opp i bakkane ovafor gardstunet: eit stolphus frå Kvinnegard og eit frå Myren, 3 våningshus (ei større stugu frå Bakka på Strand, ei loftstugu frå Jøta og ei langstugu frå Settungsgard). Dessutan er det skulestugu frå Skattebøl krins (brukt 1872-1929), loft frå Holto og eit svært lite hus som var bustadhus ei stutt tid før det vart blekkslagarverkstad. Bakkestugu og Settungsgardstugu er rosemåla av Nils Bæra, medan fyrste høgda i Holtoloftet er rosemåla av Herbrand Sata.

 

Lenger oppe er det stølshus: stølsbu frå Tune-Fetjastølen, fjøs og lu (løe) frå Vieren, lu frå Øyestølen på Veståsen, og ei nybygd steinbu. Heilt øvst er det hus frå ulike husmannsplassar: stugu og bu frå Kolbotn, seinare Sutøy (ein plass under prestegarden), fjøs frå Haugerud i Skattebøl og låve frå Høgdehaugen (ein plass under Sata).

Husmannsplassen er del av eit kulturhistorisk aktivitetsområde med tema «Frå jord til bord», og har mellom anna ein liten åker.

Museet har ei større slåtteeng, og ei av dei faste tilstellingane er slåttedagane i juli. Andre årvisse tilstellingar er 17. mai-konsert, og familiedag med konsert siste sundag i Folkemusikkveka (i slutten av mai).

Husa er opne for omvising i sommarsesongen, og elles for grupper etter avtale.

Ål museumslag er venneforening til museet.