5 Dokken skolebesøk 20 juni 2017 Arnhild Kopperdal foto Vibeke Hjønnevåg (51)

Besøksinformasjon - Dokken Fjellgard

Dokken Fjellgard ligg idyllisk til i Sudndalen i Hol kommune, og historia til garden strekkjer seg fleire hundre år attende i tid. Frå gamal av høyrde garden inn under søre Skøro. Dokken vart skild ut som eige bruk i 1770, og vart i 1795 seld til Ola Ellingson frå nordre Villand i Hovet. Då Ola kjøpte Dokken sto husa nede ved vegen, men Ola fekk flytt garden opp til den noverande plasseringa, og bygde så dei husa som framleis står på garden. Ola Ellingson var ein dugande kar, og vart sett høgt i bygda. Det var vel ikkje utan grunn av han vart kalla «Sudndalskongen».

I 1959 kjøpte Hol kommune Dokken av dåverande eigar Johannes Myhren, og restaurerte alle husa. I dag kan du framleis sjå dei originale husa i Dokken frå sist på 1700-talet, samt ei badstove frå Skøro og ei ny smie frå 1985.

Dokken fjellgard drivast av Hallingdal Museum. Ta gjerne kontakt med museet om de ynskjer omvising. Museet er òg positive til samarbeid med friviljuge, lag og andre kulturaktørar, ta gjerne kontakt for mogeleg samarbeid eller ynskje om arrangement på Dokken Fjellgard.

 

Besøksadresse

Døkklie 8, 3577 Hovet
Kart til DOKKEN FJELLGARD

Bygningene på Dokken fjellgard finner du her på Digitalt Museum

Parkering på anvist parkeringsplass. Ingen køyring inne på området.

Opningstider

Dokken Fjellgard er ope med høve til å sjå inn i husa på arrangementsdagane, open dag i juni og slåttedagen i august. Tunet kan vitjast når som helst, og omvising kan gjerast etter avtale!

Kontakt

Tlf: 32 08 81 40 (Hol) eller 32 07 14 85 (Nesbyen)

E-post: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no