Besøksinformasjon - Ål Bygdamuseum
Opningstider / Opening hours 2024
Åpent 01. juli – 8. august 2024
Mandag, tirsdag og torsdag 11-16
Monday, Tuesday and Thursday 11-16
Ta kontakt for skulebesøk eller omvisingar for grupper.
Get in touch to book group tours.
Besøksadresse
Øvre-ålsvegen 43, 3570 Ål
Kart til ÅL BYGDAMUSEUM
Telefon: 32 07 14 85
Du kan sjå fotografi av alle bygningane på Ål Bygdamuseum her på Digitalt Museum
Billettprisar / Ticket prices
Vaksen / Adult: 80 kr
Born under 18 går gratis / Children under 18 get free entry
Ved spesielle arrangement gjeld eigne prisar. Omvisingar kan bestillast etter avtale / During special events ticket prices may vary. Guided tours are possible to arrange.
Omvising grupper / Guided tour groups:
Grupper meir enn 10 personar / groups of more than 10 people: 80 kr per person
Born 0-3 år går gratis / Children ages 0-3 get free entry
Ta kontakt for å bestille eigen omvising / Contact us to book guided tours
Om Ål Bygdamuseum
Museet vart grunnlagd i 1924 for å redde dei gamle husa på garden Leksvol frå forfall og riving: 2 stugu, loft, stolphus, sauestall, grisehus, fjøs, låve, hestestall og eldhus. Den eine stugu vart brukt som tingstugu frå 1671 til 1730. Tre hus vart seinare flytta til tunet: badstugu frå Rudningsdokken i Torpo, kvernhus frå Torsteinsrud i Leveld, og smiu frå Stave i Nedre-Ål.
Museet har etter kvart skaffa seg fleire hus, som er sett opp i bakkane ovafor gardstunet: eit stolphus frå Kvinnegard og eit frå Myren, 3 våningshus (ei større stugu frå Bakka på Strand, ei loftstugu frå Jøta og ei langstugu frå Settungsgard). Dessutan er det skulestugu frå Skattebøl krins (brukt 1872-1929), loft frå Holto og eit svært lite hus som var bustadhus ei stutt tid før det vart blekkslagarverkstad. Bakkestugu og Settungsgardstugu er rosemåla av Nils Bæra, medan fyrste høgda i Holtoloftet er rosemåla av Herbrand Sata.
Lenger oppe er det stølshus: stølsbu frå Tune-Fetjastølen, fjøs og lu (løe) frå Vieren, lu frå Øyestølen på Veståsen, og ei nybygd steinbu. Heilt øvst er det hus frå ulike husmannsplassar: stugu og bu frå Kolbotn, seinare Sutøy (ein plass under prestegarden), fjøs frå Haugerud i Skattebøl og låve frå Høgdehaugen (ein plass under Sata).
Husmannsplassen er del av eit kulturhistorisk aktivitetsområde med tema «Frå jord til bord», og har mellom anna ein liten åker.
Museet har ei større slåtteeng, og ei av dei faste tilstellingane er slåttedagane i juli. Andre årvisse tilstellingar er 17. mai-konsert, og familiedag med konsert siste sundag i Folkemusikkveka (i slutten av mai).
Husa er opne for omvising i sommarsesongen, og elles for grupper etter avtale.
Ål museumslag er venneforening til museet.