Formidling til skuler og grupper
Hallingdal Museum ynskjer å tilby skuleklassar undervisningstilbod som er pedagogisk og tematisk lagt til rette etter gjeldande læreplanar. Museet er fleksible når det gjeld å tilpasse tilbodet. Me inviterer dykk til å ta kontakt med oss for nærmare samtale og informasjon.
Hallingdal Museum består av fleire besøksstader i Hallingdal: Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Hol Bygdemuseum, Dokken Fjellgard og Dagali Museum. Me ynskjer så langt det let seg gjere å legge til rette for undervisningstilbod på dei ulike stadene. Med atterhald i forhold til vêr og føre på fleire av områda
Skoleopplegg
Tilbod
Generell omvising
Ein fin måte å bruke museet på ved fyrste besøk. Me gjestar fire – fem bygningar der me fortel om byggeskikk og levesett i Hallingdal i tida husa var i bruk. Omvisinga blir tilpassa til kvar besøksstad.
Andre opplegg kan planleggast ved samtale
Mål
Målet med undervisningsopplegget til Hallingdal Museum er å gje elevane ei oppleving av, eller ei forståing av, korleis det var å bu og leve i Hallingdal i tidlegare tider. Kunnskap om kulturarv og lokalhistorie kan bidra til at elevane får innsikt i eiga historie, styrka identitetskjensle og ei forståing for lange liner, og korleis verda heng saman. Hallingdal har gjennom alle år vorte påverka utanfrå, men gjennom auka kunnskap kan elevane bli meir bevisst på kva som er særmerkt med Hallingdal.
Lærarane
Alle grupper som deltek i undervisningstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ynskjer me å gje dei unge gode opplevingar. For å få best mogeleg utbytte av museumsbesøket, bør det førebuast på førehand. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Me gler oss til å sjå dykk!