Hallingdal museum

På Hallingdal Museum kan du oppleve ein ny versjon av Spiti, skreddarsydd for Tandbergbygget! Spiti er gresk og betyr heim, hus og hushaldning. I dag er Ludvig heime både i Oslo, Stockholm og Athen, men Nesbyen kjem alltid til å vere ekstra spesielt for han.

Med utgangspunkt i sceneførestillinga dei syner på Sprang laurdag 9. november, inviterer Ludvig og tre dansarar til ein kombinasjon av kunstutstilling og førestilling på Hallingdal Museum! Dei har med seg sju tøystykkjer der 80 personar har brodert si personlege oppleving av heimen. Eitt av stoffa er brodert av Nesbyen Husflidslag. Dansarane bevegar seg mellom ulike minner og sansingar knytt til heimen, medan publikum kan bevege seg i rommet, og kome og gå som dei vil.

Ludvig voks opp i Nesbyen, og han kjem alltid til å tenke på Nesbyen som heime. Difor var det viktig for Ludvig at prosjektet blei presentert her. Fyrst i form av eit møte med Nesbyen husflidslag, som var med på å brodere delar av scenografien i førestillinga, og no som eit møte med publikum.

Performancen held på frå 18 – 20, og dørene er opne undervegs. Kom innom ei lita stund, sjå på stoffa og ta ein kopp kaffi, eller kom og heng frå start til slutt.

Gratis inngang!

Ludvig Daae er ein norsk dansar og koreograf frå Nesbyen med base i Oslo. Han er utdanna ved Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm og P.A.R.T.S i Brüssel. I tillegg til å ha laga ulike verk, som Cullbergballeten si opptreden på Nobelbanketten i Stockholm Stadshus og førestilling for kompaniet Norrdans, har hans eigne produksjonar blitt vist over 200 gonger i over 10 land.

Koreografi og konsept: Ludvig Daae 

Av og med: Marcus Baldemar, Ludvig Daae, Linnéa Martinsson, Amie Mbye, Rina Rosenqvist 

Produsent: Sara Bergsmark 

Komponist: Linnéa Martinsson 

Scenografikonsept: Tove Berglund og Ludvig Daae 

Lys: Ludvig Daae og Björn Kuajara 

Kostyme: Ludvig Daae i samarbeid med utøverne 

Skredder: Lisa Asplund 

Tekniker og teknisk koordinator: Björn Kuajara 

Broderi: Medlemmer i Bærum og Nesbyen husflidslag samt Erika Hansson, Ann-Sofi Näslund, Maria West, Tove Gullrikson, Helena Lagerqvist Kouljiok, Eva Forsgren, Annika Frank , Carmen Valer Blanco, Liza Nordenström, Elmer Eriksson, Mai Lundell, Pernilla Björnberg, Marie Louise Nilsson, Maria Roos, Annika Ferm Adevall, Margareta Stoor, Maud Jonsson, Irene Johnson, Linnea Trudevall, Sara Söderlund, Mentis Vostantzoglou og alle i det kunstneriske teamet. 

Co-produksjon: Dans i Sørøst-Norge, Bærum Kulturhus, Sprang Ål, Rosendal Teater 

Residens: MDT Stockholm, Hallingdal Museum, Sprang, Bærum Kulturhus 

Med økonomisk stønad frå: Norsk Kulturråd, Fond for Lyd og Bilde, Viken Fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Svensk Kulturråd. 

Me ynskjer velkome til eit tradisjonsrikt og stemningsfullt førjulsarrangement på Hallingdal Museum!  

Nesbyen Husflidslag har kafé, juleverkstad og peparkakebaking i Tandbergbygget, og det blir mogelegheit for å lage bivokslys i Skåterudmoen. Espesetnissane er på plass med ynskjeboka i år òg! Museet er pynta til jul, og det blir fakkeltog til julegrantenninga i sentrum. Velkommen til ein stemningsfull dag på museet!  

Arrangørar: Nesbyen Husflidslag og Hallingdal Museum 

Pris: 100 kr for alle over 5 år. Barn under 5 år går gratis. 

Velkomne til det tradisjonsrike haustarrangementet «Markens Grøde» på Hallingdal Museum! Arrangementet har fokus på mat og innhausting, og temaet for årets arrangement er «nyttevekster». Ta med heile familien på ein triveleg haustdag på Hallingdal Museum!

Inngang: 120/80 kr.

I haustferien kan du vere med på vikingdag på Hol Bygdemuseum! Saman med Ravenheart Hardanger kan du prøve deg på mange ulike leikar og aktivitetar som dei hadde i vikingtida. Dette blir moro for store og små!  

Inngang: 120/80 kr