Har du lyst til å sjå inni dei gamle husa i Dokken? Eller berre nyte utsikten mot dei fine fjella i Sudndalen? Då er du hjarteleg velkomen til open dag i Dokken! Ta gjerne med deg familie, venner og andre kjente til ein hyggeleg dag i flotte omgjevnadar!
Dokken Fjellgard ligg idyllisk til i Sudndalen i Hol kommune, og historia til garden strekkjer seg fleire hundre år attende i tid. Frå gamalt av høyrde garden inn under søre Skøro. Dokken vart skild ut som eige bruk i 1770, og vart i 1795 seld til Ola Ellingson frå nordre Villand i Hovet. Då Ola kjøpte Dokken sto husa nede ved vegen, men Ola fekk flytt garden opp til den noverande plasseringa, og bygde så dei husa som framleis står på garden. Ola Ellingson var ein dugande kar, og vart sett høgd i bygda. Det var vel ikkje utan grunn at han vart kalla «Sudndalskongen».
Open dag er eit samarbeid mellom Dokkens Venner, Hol Museumslag og Hallingdal Museum.