Skaparverkets dag

Skaparverkets dag

6. juni. 2021 | 13:00
Ål Bygdamuseum

 Skaparverkets dag 

Ål Bygdamuseum 

Sundag 6. juni kl. 13 

Sundag blir det utegudsteneste på museet med skaparverket som tema. Prost Sveinung Hansen og diakon Hilde Kirkebøen preiker, og Ingunn Stræte spelar. 

Ål markedshage som startar sommaren 2021 vil bli presentert av Ingunn Hallingstad Medgard. Ho tenkjer å dyrke ulike grønsaker, urter og blomar som ein kan ete. Alt vil bli dyrka utan pesticider og kunstgjødsel. 

Frå Ål Bygdamuseum blir det ei kort orientering om årets utstilling: «Oss imellom – folk og rein», og elles tankar om korleis ein kan ta vare på naturen. Naturmedisinar Tryve Olaf Lindvig tar oss med på ei vandring iblant urtene på museumsområdet. 

Her blir det kyrkjekaffe med suppe av lokale råvarer, ferskt brød, kaffi, te og lappar, samt musikkinnslag av Rebecca Lofft med keltisk musikk. 

Hjarteleg velkomen! 

Del innlegget: